Om meg




Oh yeah!

Kontakt meg


» sjoks.blogg@gmail.com


Følg bloggen


   

10 kg opp eller ned

Det er jo ganske so typisk at ein skal hamne mellom to storleikar når ein eigentleg berre hadde stoff til eitt plagg. Sånn er det når ein syr på lukka og fromma og trur at det meste ordnar seg. Ledehosen eg sydde i eit nydeleg grøngullaktig satengstoff frå Stoff & Stil vart altfor for utfordrande for hengemagen og fleskeræva mi. Stoda er altso slik: Vil eg klare å gå ned 10 kg på ein månad slik at eg kjem meg inn i satengshortsen? Eller skal eg heller satse på å gå opp 10 kg slik at eg heller kan bruke den litt meir klassiske ullshortsen?

Svaret er enkelt: NEI! Eg tilpassar heller mønstera og syr lederhosen i blått satengstoff! I shall overcome!

 

 

#sjølvsydd #diy #saum #søm #lederhosen #oktoberfest #forfeit #sateng #stoffogstil
 


Sjølvsydd // Midjeshorts i ull og imitert skinn



Sidan eg har bestemt meg for å sy meg ein lederhosen til årets oktoberfestlegheiter i Stryn, var eg særs nøgd med å kome over ei mønster som passa perfekt til dette føremålet. Men før eg gav meg i kast med stoffet eg skal sy lederhosen i, bestemte eg meg for å sy eit prøveplagg. Eg tykkjer det vert for keisamt sy å slike plagg av gamle, slitte laken og tenkte at shortsen fint kan brukast til kvardags òg. Eg fann difor fram eit ullstoff i hundetann eg har fått av mamma og supplerte med imitert skinn frå Stoff & Stil sidan det rett og slett var for mykje mønsterbitar enn ullstoff. 

Shortsen vart sydd i L og sjølv om eg ikkje har mista eit gram på kroppen etter at eg byrja å nytte meg av Runkeeper, vart shortsen altfor stor. Han sit på hofta. Det er absolutt ein boost for sjølvkjensla! Eg tenkjer at eit par svarte selar og ein kvit genser vil fikse den biffen. 









Mønster: Kwiksew

Stoff: Ukjent og Stoff & Stil

#sjølvsydd #diy #shorts #kwiksew #stoffogstil #ull #hundetann #imitertskinn #katt #lederhosen 


Ein for stor ananas?





Etter fadesen med scubakjolen, lurte eg veldig på kva eg skulle gje meg i kast med. Skulle eg velje det trygge og keiesy eit jerseyplagg? Eller skulle eg ta på meg la feilskjeret vere og kaste meg inni eit prosjekt som ville gje meg utfordring på rekkje og rad? Eg valde det siste.

Eg bestemde meg for å sy ein bluse eg nyleg fann i Burda Style 6/2016. Eg tok fram eit nydeleg viskosestoff med ananas på som eg har spart på ei stund og litt imitert lær. Den store utfordringa vert å sy knappehol og sy i lær. Dette er for meg ukjende område.

Sidan dette er fast stoff og eg er byrja å innsjå at eg ikkje er den vesle, tandre fiolen eg so gjerne vil vere, har eg valt å sy blusen i ein større storleik enn eg er komfortabel med. Stoffet er for fint til å verte nytta i eit plagg eg ikkje får bruke fordi sideflesket er for stort. Eg er kome eit stykke på veg, men sidan eg slit litt med å forstå den danske instruksjonen, sa det no stopp. Eg får gruble vidare på problemet i morgon. 

Eg har likevel gjort meg nokre tankar om arbeidet slik det no er: Eg har klipt ut for store mønsterdelar. Eg veit at det er kult med oversize og at saman med eit svart skjørt eller ei bukse som er høg på livet, kan dette redde seg inn og verte ganske so flott.

Problem: Med puppar i alle retningar vil ein oversize bluse verke meir som eit telt enn som eit luftig plagg.

Løysing: Ta opp att alle saumar og sy på nytt. Eller ta opp att joggekarrieren eg forsøkte meg på før eg vart sjuk tidleg i juni.

Konklusjon: Ikkje svarte om eg tek opp ein einaste saum etter timar med ryggverk i arbeidet med å teikne av mønster og sidan stoff! I morgon skal eg jogge!

 

#sjølvsydd #diy #saum #burda #burdastyle #storleik #jogge #slanke2016


Sjølvsydd // Blomekjole i scuba

Endeleg fekk eg sydd på skjørtet på kjolen eg har tenkt so lenge på! Men resultatet vart skuffande. Kjolen sit ikkje fint og eg har ikkje tal på kor mange frustrerte stunder eg har hatt i syarbeidet. Men slik er det å skape: Resultatet vert ikkje alltid som ein har sedd føre seg. No skal eg leggje kjolen litt til side og kose meg med andre prosjekt. Kanskje eg etter litt tid vil finne ei løysing på problemet og sidan nekte å ta plagget av. Det er lov å håpe.

Stoff: Stoff & Stil

Mønster: To ulike frå Stoff & Stil

#sjølvsydd #diy #blome #scuba #stoffogstil #saum


Når scubaen er vrang

Herlegheit, at det går a å vere so attfoken! Min store plan var å vandre rundt på den årlege happeningen på heimstaden min i ein nydeleg scubakjole med grøne blomar på. Men slik skal det altso ikkje gå. Eg sydde toppen på rekordfart og angrar litt på at eg ikkje berre sydde han i full lengde, men i staden korta eg han ned for å spare stoff. Eg må rett og slett putte på eit skjørt for at folk skal få sleppe å få den romslege navlen min brent inn i augeeplet for evig og alltid.

Eg festa skjørtet på toppen med tusen nåler og tråkla etter beste evne. Linningen kom ikkje i livet og eg bestemte meg for å ta opp tråden og flytte skjørtet to cm. opp. Etter å ha brukt nye tusen nåler og tid på å tråkle, såg eg fram til å prøve kjolen og sjå om eg hadde lukkast med målet mitt. Og so viser det seg at eg ikkje har sydd rette mot rett, men rett mot vrang slik at kjolen var ubrukeleg. Eg er ikkje på jakt etter ein kjole med overdelen ut og skjørtet inn. Fantastisk!

Det vert ein gul kjole frå Hennes & Mauritz på årets Måløydagane.



 

#sjølvsydd #diy #kjole #hm #scuba #måløydagane

 


Neste prosjekt: Scubablomer



So kjekt å endeleg kjenne på det kreative som surrar mellom øyra. Neste prosjekt vert nok ein kjole i eit spennande scubastoff frå Stoff & Stil. Eg kjøpte det fyrst og fremst på sal, men har lenge sedd eit sommarlett plagg i det. Eigentleg trur eg det hadde vore uglekult å vandre rundt i ein smart jumpsuit, men diverre kjøpte eg ikkje nok stoff til det. Hovudregelen min er eigentleg alltid å kjøpe to meter når eg fyrst skal ha noko for å unngå at eg vert sitjande og lengte etter det perfekte plagget eg ikkje hadde nok stoff til å sy. Diverre trur eg at den buksedrakta eg ser for meg, krev meir stoff enn to skarve meter. Slik er det. No skal eg måle meg fram til ein kjole og går det skeis, ja, nei, då vert det ein ekstra vid topp i staden. La syinga ta til!

 

#sjølvsydd #diy #kjole #nesteprosjekt


Sjølvsydd // Høghalsa topp

OMG! Eg er so nøgd med at eg faktisk berre gav etter for sylysta og kasta meg inn i det fyrste prosjektet. Denne mønstera har eg lenge hatt planar for, men som med alt anna, har ho lege utpakka under rot og andre ukoselege element i eit roleg tilvere. Det var faktisk ikkje før eg var ferdig med toppen at det slo meg at eg eigentleg skulle sy plagget av eit anna stoff. Heldigvis for det stoffet, trur eg ikkje dette er siste gong eg nyttar mønsteret.

Eg må seie at dette er det finaste plagget eg nokon gong har sydd. Ikkje det at toppen i seg sjølv er spesielt fin, men eg har gjort meg ekstra flid i arbeidet. Eg har aldri hatt so fine saumar før og trur du ikkje at coverstitchmaskina med det treffande namnet Gamle-Eirik, gjorde som eg ville? For ein fantastisk dag!










 

Mønster og stoff frå Stoff & Stil.

#sjølvsydd #diy #saum #topp #stoffogstil


Klar, ferdig, sy!

Eg har ikkje ord for kor deilig det er at ei travel tid på arbeid no ser ut til å vere i over i denne omgang *bank i bordet* No skal eg på nytt pleie det forsømte forholdet til symaskinene mine og til stoff eg har hatt so store planar for at eg i mellomtida har lagt nye planar. Sofaen har denne planen lenge gått under namnet som. Nei, no er det ei ny tid i vente og eg har allereie gjort alle naudsynte førebuingar til denne nydelege saumsundagen: Eg har støvsugd.



#sjølvsydd #diy #saum #sundag


Sjølvsydd // Blomekjole med tantesnitt

Sidan bunaden min på mystisk vis har krympa sidan sist, sette eg i gong med å sy kjole til bryllaup og 17.mai-feiring. Diverre lurte eg ingen til å ta bilete av meg i bryllaupet, men eg fekk tak i ein privatfotograf på Grunnlovsdagen. Vi veit alle kor travel ein slik dag kan vere, og bilettakinga reflekterer dette: Fort og gale, uskarpt og mørkt.

På sikt vil eg nok leggje kjolen opp nokre centi til. Eg tykkjer sjølv at eg er vorten sitjande att med eit snitt som er ei gammal tante verdig. Ikkje noko vondt om tantene, men eg kjenner meg sopass sommarbrun allereie at eg er klar for å flashe nokre kne. Men før den tid: Voila!



Mønster: Stoff og Stil

Stoff: Stoff og Stil

Katt: Almenningen, Vågsøy

#sjølvsydd #diy #sy #saum #søm #stoffogstil


Knappehunger

So glad var eg i å leike med knappane i treboksen til besten at eg lik so godt skreiv namnet mitt på for å sikre arven. Og knappehungeren har ikkje endra seg opp gjennom åra. Mamma pla lenge å kjøpe ein knapp ekstra når ho var på knappeshopping og sjølve samlinga mi har vorten plyndra med jamne mellomrom.

Det var ei sann glede å kome heim med ein heilt pose med blanda smågodt då eg nyleg var i Oslo. No har eg student omtrent halvparten av innhaldet og eg ser spennande prosjekt forme seg. Eg har nemleg meldt meg på ein syalong kor knappar utgjer ein stor designdel. So får vi no sjå om eg har hjarte til å ofre nokre av knappane mine.

#sjølvsydd #knapp #prosjekt #syalong


Blomekaos

Hadde eg visst kor grusomt det kom til å bli å sy i dette blomestoffet eg tenkte ville vere perfekt til eit bryllaup, skulle eg ha lagt meg i hardtrening for fleire månader sidan slik at eg heller kom meg inn i bunaden. Men slik gjekk det altso ikkje. Etter krangling med saks, symaskin og oppsprettarkniv, har eg no kome fram til noko som kan kallast ein kjole. No må eg berre leggje han opp, pimpe den med belte, jakke, sko og veske, so kan vi kanskje kalle meg bryllaupsklar. Nuvel.

#sjølvsydd #kjole #bryllaup #sy


Ein cm eller femten

Då eg tykkjer at eg kler kjolar kor skiftet mellom overdel og underdel går i livet, tenkte eg at eg skulle leggje til heile to cm på lengde på overdelen. Men det er jo klart: Når overdelen knapt dekkjer puppane, er det langt meir enn berre to cm ein må leggje til...

#sjølvsydd #sy #kjole #overdel


Sjølvsydd // Rosa kjole for dei midjelause

I det siste har eg vore veldig flink til å sy plagg som eigentleg ikkje passar. Det byrja med eit skjørt eg hadde sydd i ein større storleik enn eg er komfortabel med, men som eg har innsedd at eg kanskje er. Sidan det var sopass mykje stretch i stoffet, endte eg opp med å fjerne glidelåsen og sy inn fleire cm på sidene. Og framleis er det for stort. For ei lukke! Ei naiv lukke, men likevel.

No skulle eg endeleg sy den kule kjolen i rosa og gråbloma isoli. Eg tykkjer heilt ærleg at det var eit vanskeleg plagg å sy og at einskilde saumar kunne ha vore penare. Men ein kjole vart det og planane for kva dag eg skulle glitre på jobb, vart lagt. Dette var tankar eg smykka hjernen med før eg trakk kjolen over hovudet og innsåg kor feil fasongen var på den formfulle kroppen min. Om det er noko eg kan skilte med i denne kilorike verda, so er det midja mi. Det var ikkje mykje midje å spore i denne kjolen. Ræva mi var derimot ganske so tydeleg og fordelane kunne ein heller ikkje styre unna. Ein treng litt midje mellom desse to godsakene. Ein skal ikkje sjå vekk frå moglegheita om eit betre utgangspunkt med ein større storleik, men det må no vel vere grenser for kva eg skal utsetje sjølvbiletet mitt for. Difor er det sydukka Selma som får gleda av å vise fram den rosa kjolen eg om eit to, tre og tretti treningsmøter med tredemølle vil spankulere rundt på jobb med.

Stoff og mønster frå Stoff & Stil.

#sjølvsydd #kjole #isoli #stoffogstil #midje


Sjølvsydd // Minions and me

Eg må berre få seie at eg er ytst nøgd med det nye skjørtet mitt i gardinstoff med minions på. Eit par høge sandalar, nokre fancy solbriller og ei diger veske til og so er eg klar for sommarvarme og deilige dagar.

Stoffet er frå Stoff & Stil og mønsteret er eige.

#sjølvsydd #minions #stoffogstil #gardin #sy #saum #skjørt


Fotballsying

"Nei!" svarte eg bastant på spørsmålet om eg skulle sjå fotball i helga. Eg skulle sy. Lite visste eg at desse to aktivitetane sørgjeleg kunne kombinerast.



#sjølvsydd #forball


Stiv minion



Av og til gjer ein bomkjøp når ein handlar på nettet. Av og til er det ikkje slik som ein tenkte og andre gonger har ein rett og slett berre klikka heim feil produkt. Av mine siste bomkjøp må det seiast at eg vart forført av mønsteret på stoffet eg berre måtte innlemme i stoffutvalet mitt. Diverre såg eg ikkje so nøye på detaljane og var ganske so nøgd med at eg no snart kunne sy meg ei t-skjorte med rotekte minions på. Og so var det eit gardinstoff. Det er jommen meg det ikkje mange t-skjorter som er sydd av slike stive stoff, gitt. Og sidan eg tvilar på at samboen vil late meg henge opp minionsgardiner i stova, har eg måtte utfordre dei kreative hjernecellene mine litt. Og resultatet kjem i løpet av helga!

#sjølvsydd #bomkjøp #minions


Førebuing til sykos

Det er nesten litt sjukt at ein føler at ein må ha totalrenovasjon på huset før ein kan setje seg ned og sy.

Syinteressa har absolutt vakse, men lagringsplassen til tekstil, mønster og syblad har ikkje vore deltakande i denne prosessen. Katteprinsessa sine ønskjer går framfor alt anna, og vil ho slappe av oppå reolen, so får ho det. Difor er systolen no vorten fullasta med alle dei stoffa eg berre måtte ha utan å ha ein konkret plan for dei. (Lat oss ikkje snakke om dei som ligg uutpakka i kofferten etter førre stoffkjøp.)

Det er berre ein ting å gjere: Brette opp erma og rydde seg til syglede og kos. Diverre er eg redd at når jobben endeleg er gjort, ja, nei, då er tida for ettertanke og glede framfor fjernsynsapparatet kome. I det minste vil eg sitje att med ein rein heim...

#sjølvsydd #diy #sykrok #rydde #rein #heim


Sjølvsydd // Ullskjorte til herre

Det nye året har til no ikkje innfridd. Eg sette meg som mål om at 2016 skulle verte året eg endeleg tok meg sjølv i nakken og kom meg ut. Til no har eg sete på sofaen og ete. Den einaste mosjonen eg eigentleg har fått er til og frå kjøkenet. Heldigvis er året langt frå over og det er enno håp sjølv for meg.

I syhjørnet er det lite som har skjedd. Eg har kjøpt syblad og drøymer meg vekk til dagar den slanke versjonen av meg sjølv skal vandre rundt i eigne kreasjonar. Eg var kanskje litt naiv då eg investerte i ei coverstitch- og ei overlockmaskin og trudde at no var steget til realisering av designdraumen teke. Eg gløymde visst dette vesle ordtaket om at øving gjer meister. Det ironiske er at eg no ser større moglegheiter med symaskina mi etter at eg kjøpte to andre maskiner. Likevel bestemte eg meg for å teste ut coverstitchmaskina når eg no skulle sy ferdig ullskjorta eg byrja på jul.

Eg var so stolt då eg hadde klart å endre på mønstera og lagt til eit kvitt felt i sidene for å matche ein boxer eg hadde sydd tidlegare. Eg ante ugler og andre fjørkre i mosa då eg tykte stoffet verka noko... tøyeleg. Sjølvsagt hadde eg sydd ei skjorte som var altfor stor for den tiltenkte. Eg klarte å lure det uferdige verket mitt på mannfolket berre for å sjå. Du slette tid! Det såg ut som om han hadde teke ein slankeoperasjon og skjulte den overflødige huda under skjorta! Eg la difor det uferdige produktet til side og drøymde om feitare dagar.

Men med so mykje arbeid, kan ein ikkje berre late dyrt ullstoff bleikne i vinterkulda. Skjorta måtte ferdigsyast sjølv om ny eigar enno ikkje var bestemt. Eg hadde lest meg opp på litt ymse råd og visste at om eg sydde rettsaumen på baksida av stoffet, ville eg få ein nydeleg falsk overlocksaum på retta ved å bruke coverstitchmaskina. Eit hol og nokre banneord seinare, må eg vel seie meg nøgd med at saumen om ikkje anna er nokolunde rett sjølv om den er noko merkeleg her og der. Og med eit symerke på kan eg no i det minste late som at eg er butikkverdig.






Mønsteret er henta frå Kristin Thorsnes: Heilt Spesiell med einskilde endringar, og stoffet er janusull.

 

#sjølvsydd #sjoks #ull #janus #heiltspesiell #skjorte #herre #diy #sy #saum


Sjølvsydd // Dirndl med kompleksar

Eg er ikkje ei dvergmus å reknast når det kjem til kroppsstorleik, men eg klarer meg i kvardagen fordi om. Likevel var det noko sårt å oppdage at eg ifylgje måletabellen til mønsteroppskrifta var ein str. 46. Og eg som hadde so deilige draumar om å ein gong kunne knekkje meg inni str. 38! No får eg satse på str. 44. Sidan oktoberfesten i Stryn går over to dagar, skulle vi i år stille i to dirndlar: ein gammal og ein ny. Og her er det sjuke: Den gamle oktoberfestdrakta mi er i str. 36...



Eg er allereie no i gong med å planlegge neste års drakt. Sjølvsagt har eg funne både mønster og stoff, og har store planar om både dirndl og lederhosen. Men eg nektar å sy eit einaste sting før eg kan sy til ein str. 44-kropp!

 

#sjølvsydd #diy #dirndl #oktoberfest #stryn #oktoberfeststryn2015

 


Oppstart drindl

Oktoberfesten i Stryn nærmar seg med stormsteg, og skal eg klare å stille i ny drindl, er det berre å kome i gong.

Fyrste og mest keisame steg: Teikne av mønsterdelar.

#sjølvsydd #diy #oktoberfest #stryn #drindl


Sjølvsydd // Korthaldar med pinnsvin og dødningsskallar

Av ein eller annan merkeleg grunn, har eg alltid gooooooooood tid når det kjem til ymse prosjekt. Då eg fekk ein førespurnad om å sy nokre korthaldarar for eit vennepar, var eg ikkje sein om å hive meg rundt. Stoff vart kjøpt inn og eg sette meg tidleg bak symaskina. Som det er med det meste, vart den fyrste lommeboka meir som ei prøve. Denne gav eg vekk til samboen. Og so kasta eg meg uti det verkelege prosjektet. So lang tid eg brukte på lommebok nummer to! Og so gløymde eg det mest essensielle: Borrelåslukking. Slik fekk eg meg sjølv ei lommebok og ting kom stadig i vegen og det meste vart lagt på is.

Det var då eg sat og chilla på sofaen i går med tekstmeldingar på mobilen om eit gledeleg dagsbesøk av det nemnde venneparet den påfylgjande dagen, at det gjekk opp for meg: Korthaldarane var framleis berre stoff og tråd! Eg har trass alt litt yrkesetikk i denne hobbysysla mi og eg kasta meg over stoff, kniv og deformert skjerebrett. Tre timar seinare, ein rygg som var av og eit hjarte på randa av hjarteinfarkt etter å ha stirra rett i eit sett gule auge utanfor vindauget, var korthaldarane i mål. Resultatet ser ikkje ut i måneskinn. Men det er korthaldarar. No innser eg at skal eg verte ferdig med drindlen eg har planlagt å sy før oktoberfesten og faktisk sitje att med noko som kan brukast i det offentlege rom, bør eg kanskje satse på å byrje litt tidlegare enn kvelden før. Det bør vel halde med morgonen før, vel? Ikkje? 



PS: Godt å kome igong att bak symaskina :-D

 

#sjølvsydd #sjoks #diy #saum #lommebok #piggypig #dødsningsskalle #panduro #symaskin 


Istid

Eg har nett motteke ein deilig pakke frå Stoff og Stil og har sjølvsagt gått igjennom månadens utvalde stoff med omhu. Eg skulle eigentleg berre bestille litt neopren til eit skjørt eg har so lyst å sy, men sidan det var sal, utvikla innhaldet i handlekorga seg til noko meir enn berre ein skarve meter av eitt stoff.

Men det er ikkje alltid eg forstår kvifor eg handlar som eg gjer: Ein meter med stoff prega av Istid-karakterar? Kva var det eg tenkte her??

#sjølvsydd #istid #stoffogstil #javel


Sjølvsydd // T-skjorte til herre

Minions-stoffet må vente, for eg har nemleg funne vegen inn på herreavdelinga og har sydd ei t-skjorte til min kjære sambuar.





Stoffet er nok ikkje heilt A4 og er tidlegare nytta til eit skjørt som du kan lese om HER. Og saumane er langt frå perfekte. Alt i alt er eg likevel godt nøgd med mitt fyrste bidrag til ein forhåpentlegvis veksande herrekolleksjon.

 

#sjølvsydd #tskjorte #herre #recharge #redo #recycle #rewind #reload #regain 


Sjølvsydd // Flaggermustopp

Det tok meg berre seks månader å sy ferdig denne grøne flaggermustoppen. Det er kanskje verdas enklaste topp å sy, men likevel la eg prosjektet på hylla etter å ha klipt ut alle delane og i tillegg overlocka dei. Forstå det den som kan.

Men no er endeleg toppen ferdigsydd og eg kan strutte rundt i Sogndal sentrum i eit aldri so lite telt som ikkje akkurat gjev meg drøymefiguren. Men skjule valkane gjer den so absolutt!

#sjølvsydd #grøn #topp #sogndal


My Minions

Ein og tretti år... Klart eg kan lage meg kjole av stoff med minionstrykk!

#kjole #minions


Redesigne eller berre leggje opp?

Det klødde nærast i fingrane på meg då eg kom over denne nydelege turkise kjolen på Gjenbruksbutikken i Sogndal sentrum. Denne måtte eg ha! Etter at eg kledde på sydukka mi, Selma, både BH og kjole, tok eg meg sjølv i å undre. Bør eg klippe i dette stoffet? Eg tykkjer overdelen har eit so fint snitt at eg ikkje klarer å sjå kva eg kan gjere for å betre den. Kanskje eg berre skal leggje opp skjørtet for eit meir moderne uttrykk og la grunnforma leve vidare? Ikkje enkelt. Men eg hallar heilt klart mot det siste.





#sjølvsydd #redesign #gjengruksbutikk #gjenbruksbutikkenisogndal 


Ein saum er ikkje skriven i stein

No er det lenge sidan eg har teke i ein einaste sytråd. Eg fekk brått for meg at eg ikkje kunne sy noko til den kroppen eg driv og halar på rundt meg, men det er berre tøv. Det meste kan endrast på og om motivasjonen held, kan faktisk det meste syast inn òg. Likevel er det mest sofaen som freistar etter lange dagar på arbeid.

Det var difor eit ekstra godt spark bak som vart servert av ei venninne med to jakker som hadde lengre ermar enn ho hadde armar tidlegare i veka. Lysta til å skape kom i den augeblinken eg spretta opp saumane for å gje jakka bruksrett. Det er ei forholdsvis enkel sak å leggje opp erme, men det er likevel både eit tidkrevjande og inspirerande arbeid. Når ein i tillegg oppdagar at ein må kjempe om retten til systolen med husets firbeinte pelsskapnad, er det ikkje berre eit koseprosjekt i seg sjølv. Og no - no skal eg ut i sola og finne inspirasjon til neste gong målebandet skal rullast ut.








#sjølvsydd #erme #leggjeopp #bananakatt


Når ein syr på ein fredagskveld...

... må det vel vere lov med noko godt attåt??

#sjølvsydd #fredag #godt #vin #raudvin


Syprosjekt: Rosa hundetann

No har eg mykje spennande på gong! Ja, kanskje ikkje alt er like kjekt, men bøting og skifting av glidelås er med på å forlenge livet til kleda. Men det er jo heilt klart: Hittil er det ikkje dei punkta på syprosjektlista mi som er vortne prioriterte.

No som både struthetta og skjørtet til mamma er i boks, er tida koma til å utvikle syferdigheitene ved å fikse på mønster ein allereie har. Eg har so lyst å sy meg ein ullkjole med eit liknande snitt som ein sommarkjole eg sydde for eit halvt år sidan. Du kan lese om kjolen HER. Men sidan denne kjolen er sydd i stretch og det ikkje er spesielt mykje tøy og bøy i hundetannstoffet, måtte mønstera modererast litt. Fram med måleband, matpapir og ein katt som absolutt måtte opp og sjekke tilhøva. Har vi lov til å vere på stovebordet, Banana?

Etter å ha sete i fleire timar var mønsterarka ferdige og klare til bruk. No er det berre ein liiiiiten ting att som bekymrar meg noko: Eg har berre ein meter med stoff. Er eg for feit for den nye ullkjolen min allereie før eg får klipt fram delane??





#sjølvsydd #syprosjekt #kjole #ull #stretch #mønster


Sjølvsydd // Struthette

Denne mønstera klarte eg berre ikkje å klikke meg forbi. For eit genialt plagg, tenkte eg og såg etter passande stoff. Sjølve utforminga på ei struthette får ein kanskje til å tenkje attende i tid, men som eit moderne "by-menneske" ville eg sjå etter litt smartare løysingar: Eg har valt å sy struthetta mi i softshell med fleece på innsida.

Kva i all verda ein kan bruke ei struthette til, stod veldig klart for meg då eg kjøpte inn mønster og stoff. No er eg ikkje like sikker. Men åh, som eg skal stråle når yr og anna duskregn omfamnar meg der eg skrid bortover vegen i ullklede med struthetta mi på!

Det at kjærasten tykte eg såg ut som ei heks er ein annan ting...



Bileta vart litt uskarpe og blitz hadde kanskje gjort susen, men eg har orsakinga klar: iPhonen oppfører seg ofte som symaskina mi. Dei gjer som dei vil.

 

 

#sjølvsydd #struthette #heks #softshell #fleece







Å sy utan verktøy

Av og til må ein ta ting rundt seg til hjelp for å oppnå det perfekte resultatet. Som sikkert veldig mange andre, gjekk eg fullstendig amok den gongen eg bestemte meg for at eg skulle byrje å sy. At eg sjølvsagt trong stoff, tråd og kanskje ei god saks, tykkjer eg er rimeleg opplagt. Symaskin er kjekt å ha og eg gjekk for merke og utsjånad den gongen eg fekk syassistenten i hus. Ho er stor, klumpete og veldig klar på at det er eg som er assistenten og ikkje ho. Men eg hadde vel strengt tatt ikkje bruk for den saumbysta eg på død og liv måtte ha. Eg kjøpte henne i ein liten storleik for eg skulle jo sy klede til den slanke Sjoks og gav henne namnet Selma. Akkurat no står Selma ute i gongen med skinnjakka mi på og Sjoks er ikkje den slanke utgåva av seg sjølv heilt enno.

Men det er jo klart at ein gjerne går litt amok. Noko kjøper ein der og då og forstår viktigheita av seinare og anna skaffar ein seg når trongen gjer seg gjeldande. Men det er ikkje alt ein treng fylle syhjørnet med. Av og til fungerer det heilt fint å ta ein kik på det ein allereie har rundt seg.

Ein gammal iPhone-kabel fungerte ypparleg då eg skulle leggje opp ei truse og saumometeret ikkje gav små nok mål:


Ein treng faktisk ikkje symaskin for å kunne sy. Ein kjem langt med noko so tradisjonelt som nål og tråd. Men symaskina vert nok ikke selt med det fyrste - ho er innmari god å ha når det kjem til stykket sjølv om ho er ein ulv i fårekle til tider og er uuuuuutruleg slitsom å ha med å gjere når eg i utgangspunktet ikkje er i det aller beste humøret. Merkeleg det der. Jobben vert gjort fortare og ein kan ta sikte på å slå seg laus blant stoff og spennande mønster. Likevel er det ikkje vanskeleg å sy seg enkle plagg utan symaskin. Det tek litt lenger tid, men som oftast vert ein sitjande att med eit resultat å dø for. Kvart sting representerer nøysamt arbeid, tolsemd og vilje. Personleg har eg oppdaga kor mykje lettare det til dømes er å få sett i ein glidelås ved å sy for hand. Og av og til dyttar eg symaskina til side for å leggje opp skjørt:

Kanskje du rett og slett ikkje har mønster på akkurat det eine plagget du berre mååå lage? Vel, er det andre plagg i klesskapet ditt du kan etterlikne? Eller kan du til og med ofre eitt plagg? Då eg skulle redesigne ei kofte, fann eg fram eit skjørt og brukte det som mal. Då eg fekk den strålande ideen om å sy mi eiga truse, gjekk eg litt meir drastisk til verks: Eg spratt opp eit nydeleg eksemplar i samlinga mi og vips! so hadde eg mønster til ei ny ei:


Åh, eg har so ufatteleg mange planar framover, og mange av desse plagga vil kunne takke sin eksistens på ulike hjelpemiddel eg finn rundt omkring i huset. Og kanskje, berre kanskje kan eg ved hjelp av saumbysta Selma designe mine eigne klede heilt utan mønster og heilt utan å vere bunden av tusen ulike verktøy. Draumen kan ingen ta får deg.

 

 

#sjølvsydd #sy #verktøy #saumbyste #sømbyste


Sjølvsydd // Truse og boksar

Ja, det måtte skje: Eg er byrja å sy undertøy. Det måtte jo skje på eitt punkt. Og no som eg endeleg har fått tak i trusestrikk, kan eg faktisk kome meg vidare i livet og det attpåtil påkledd om ikkje heller moderat. Deilig!

Tadah!




Og kvifor stoppe der? Kvifor ikkje sy ein boksar til mannfolket når ein fyrst var i gong??

 

 

So no går vi no her heime i matchande undertøy - 2010-talets svar på grilldressen. Eg avsluttar med litt stemningsbilete frå prosessen. Til og med Banana har hjelpt til. Eller i det minste trudd at ho har...

 






 

#sjølvsydd #truse #boksar #stoffogstil #fiskemønster #match #bananakatt


Pakke i posten: Stoff & Stil


Endeleg kom pakken min frå Stoff & Stil med knask til ein symaskinelskar. Diverre var det ikkje alle stoffa eg forelska meg like mykje i. Noko trudde eg var litt annleis stoffkvalitet enn det det eigentleg var. Men det er nett dette som er faren ved å netthandle stoff - ein kan ikkje kjenne på det fysisk. Spørs om eg ikkje må planleggje ei aldri so lita amerikareise og kome meg på ein fysisk butikk snart.

Men det var likevel snadder å spore i pakken. Eg døyr nesten litt etter å bruke det imiterte skinnet. Eg har store planar for det. Spennande kjolestoff og litt salsvarer er alltid kjekt å klikke heim. Og so gjekk eg litt amok og bestilte meg ei struthettemønster og fleecekledd softshellstoff til. Anten går det nord og ned - elles vert det aaaaaaamzing!



Ja, du såg rett: Det er trusestrikk som prydar det siste biletet. Eg kan endeleg få sydd ferdig trusa mi!

Banana på si side tykte i grunn at det kjekkaste ved heile pakken var innpakninga:




#sjølvsydd #stoffogstil #stoff #sy #saum #bananakatt


Klesskaprydding - klar for nye prosjekt

So tok eg endeleg motet til meg og fekk teke ein kik på det som løyner seg i klesskapet mitt. At eg ikkje hadde peiling på kva som var der inne, er noko eg har mistenkt i fleire månader no. Teknikken har som regel vore som fylgjer: Presse inn reine klede og sidan forsyne seg av det som låg fremst. Av og til har eg rota litt lett på leit etter den perfekte toppen og slike klesplagg legg ein sjeldan pent saman att. Men no ville eg ha orden! Ikkje minst klødde det i fingrane etter å finne gode utgangspunkt for nye redesignprosjekt. Diverre viser det seg at eg er særs kvinne-kvinne: Eg kan då ikkje kaste dette plagget!! Eller dette! ELLER DETTE!!

Det var ikkje mange plagg som vart til overs og eg innser at eg ikkje får klesplass i skapet til sambuaren. Men det går mot vår: Tjukke plagg må snart på sommarferie. Det er håp for meg òg.

Denim skal ifylgje minmote.no vere vårens nye trend. Eg har ikkje spesielt mykje denim i mitt klesskap, men likevel var det ei bukse som ikkje slapp inn att i skapet. Denne har eg tenkt å bruke som utgangspunkt for litt redesign denne gongen. Eg trur det kan verte spennande å bruke dei andre forkasta plagga i dette prosjektet då det er heller avgrensa kva ei einsleg bukse kan strekkje til. Eg har ei fantastisk mamma som overgår omtrent alle når det kjem til handarbeid. Det ho ikkje kan sy eller strikke er faktisk ikkje verdt å ha. Då eg gjekk på vidaregåande redesigna ho ei bukse ei venninne hadde donert, til eit skjørt. Og då eg innsåg at yndlingsbuksa mi ikkje ville tole nok ei bøting, laga ho ei veske av henne slik at eg framleis kunne strutte rundt på Universitet i Bergen med yndlingsplagget. So får vi no berre sjå no då om eg òg har evna til å gjere ei bukse om til noko nytt og spennande.



Ja, det er ganske tydeleg at skissa var breiare over rompa bakfrå enn forfrå. Jaja, so likna den vel kanskje litt meir på meg då??

 

 

#sjølvsydd #redesign #klesskap #denim

 


Ein ny saum til trusa

Eg ventar framleis i spenning på pakken min frå Stoff & Stil med trusestrikk i. No har eg ikkje bestilt berre trusestrikk, men i fyrstninga er det berre det eg vil ha for å kunne verte ferdig med trusa mi. Eg likar ikkje å ta til på nye prosjekt før dei gamle er ferdige fordi eg har ein lei tendens til å berre gløyme å hente dei fram att. Men no mangla eg altso ein viktig komponent og kva er vel ikkje artigare då enn å klippe i sambuaren sine boksarar for å sy han matchande undertøy??

No er eg sjølvsagt ikkje ferdig med det heller. Nei, det er ikkje trusestrikk som står i vegen her. Boksarar har gjerne litt tjukkare strikk og det har eg mykje av på lager. Nei, her er det berre latskap. Eg veit ikkje kor mange timar eg sat og knota tidlegare i dag. No treng eg sofa og kos. Men eg er rimeleg sikker på at eg kjem til å verte uglenøgd med resultatet. Og det er eine og åleine fordi eg har oppdaga ein ny saum på symaskina mi!

Eg tykte nemleg at saumane såg so keisame ut og sidan eg hadde brukt eit mønstra stoff, vart overgongane litt rare. Eg trong noko som braut litt opp og etter ein rask kik i instruksjonsboka (heftet), fann eg fram til ein nydeleg saum:




Resultatet kjem om nokre dagar for eg kan vel ikkje presentere boksaren utan trusa??

 

#sjølvsydd #truse #boksar #saum


Ei god mønster på boksar??

Det verka å vere ein særs god idè å klippe opp ein gammal boksar etter saumane for å skaffe seg ei gratis mønster. Heilt til bitane skulle syast sama att... Javel..?

#sjølvsydd #boksar #mønster


Stoff til saum og leik

Kva stoff ein vel når ein set seg ned og syr er avgjerande for korleis resultatet vert. Det ville vere nytteslaust å dra fram det tjukkaste dongeristoffet ein har på lager om ynsket var ei kroppsnær t-skjorte. Plagget ville for det fyrste ha vorte stivt og ikkje sete rett. For det andre, og kanskje det viktigaste punktet i denne samanhengen: Plagget ville ha vorte for lite. Tek ein til dømes mønstera som Stoff & Stil sel, er det ofte merkt kva stoff mønstera er laga for. Dette gjeld spesielt dei mønstera kor stretch er lagt til grunn. T-skjorte er eit slikt plagg. Stretch har evna til å forme seg etter kroppen utan at ein må sy innsnitt, noko som heilt klart er ein fordel når det kjem til sopass enkle plagg som det t-skjorter er.

Når eg ser etter stoff, er hovudmålet for innkjøpet det viktigaste. Ein treng ikkje naudsynleg gå etter berre dei stoffa som er merkte med stretch. So lenge stoffet er tøyeleg, fungerer det heilt fint til både t-skjorte og kroppsnære skjørt og kjolar. Det er likevel ingen problem å figursy i stoff som det ikkje er spesielt mykje strekk i, men for ein nybyrjar som det eg er, er stretch mykje, mykje enklare å leike med. Men det er klart: Ein syr ikkje ei bukse i stretch i den tru at ein endar opp med noko anna enn ein tights. Ein vel stoff etter kva ein skal nytte det til.

No må det seiast at eg ofte vel det stoffet dei ulike mønstera allereie er sydde i når eg blar meg gjennom katalogane. Stoff & Stil veit kva dei gjer når dei leiter i lageret sitt. På den måten veit eg at resultatet vert perfekt. Difor er jumpsuiten sydd i same stoff som modellen i katalogen. Det er ikkje alltid like lett å vite kva ein får når ein netthandlar og er stoffet fint på modellen, ja, då klinkar eg til! Somme gonger er eg vill og slenger stoff eg ikkje kjenner i den digitale handlekorga og tek både vonbrotet og gleda som dei kjem.

Det kjekkaste er sjølvsagt å handle stoff i ein rotekte butikk. Då får ein ta på stoffa og kan lett danne seg eit bilete av kva dei passar til. Slik vart gepardskjørtet til: Eg såg det i butikken og det kjendest ganske likt det stoffet Stoff & Stil sjølv hadde valt til mønsteret.

Men det må seiast: Som oftast klikkar eg heim, eller sleng i handlekorga, stoff utan å ha ein bestemt plan bak kjøpet. Det er jo kjekt å ha er det ikkje det då? Flaggermusstoffet var eit slikt kjøp. Eg kjøper som regel alltid to meter når eg fyrst er i gong. Då treng eg ikkje avgrense meg til ei t-skjorte når det er ein fotsid kjole eg eigentleg vil ha. Det er uansett kjekt å ha stoff liggjande på lur til den dagen kreativiteten slår ut i full blome. Og har ein mykje å velje i, ja, då er det sjeldan eit problem å finne stoff som passar.

Ein må sjølvsagt ikkje handle på Stoff & Stil, men for ei som ikkje bur rett ved tekstilbutikkane, er Stoff & Stil eit godt utgangspunkt for ei som drøymer om ein aldri so liten kolleksjon. Dette er ikkje eit reklameinnlegg for Stoff & Stil og er det nokon som kjenner til andre nettbutikkar som sel gode og rimelege stoff, tek eg gjerne imot tips.

 

#stoff #stretch #stoffogstil #saum #sjølvsydd


Redesign: Frå kofte til skjørt

Etter ein aldri so liten krangel med symaskina som bokstaveleg talt hadde slått seg vrang, var eg klar for å fullføre prosjekt kofteskjørt. Resultatet er langt frå perfekt og eg kjenner at dei ekstra kiloa på kroppen krasjar litt med skjørtet. Til mitt fyrste redesignprosjekt å vere, er eg eigentleg ganske nøgd.

Det var meininga at borda skulle vere meir på sida, men det gjekk litt fort i svingane, so nei, det var aldri meininga at den skulle fylgje navlen og ned. Den er ikkje skeiv fordi eg ikkje hadde hovudet med meg - den er ikkje skeiv nok rett og slett. Og det trynet mitt! For å dra ein aldri so liten Fargo-inspirert frase: Uff dah!

Uansett: Le rèsultat!

Frå:


Til:












#sjølvsydd #redesign #yoursixthsense #kofte #skjørt


Redesign nesten i hamn


Eg bestemte meg for at i dag skulle vere dagen då eg gjekk frå å vere ein stoverein sofagris til å verte ein skapande kunstnar. Kofta eg lenge hadde bestemt meg for å redesigne, skulle i dag dø. Du kan sjå henne HER. Eg teikna opp skisser og sette meg ned for å sprette opp saumar. Eg torde nemleg ikkje å klippe direkte i stoffet då det trass alt var strikk eg sat med mellom hendene.

Planen var å etterlikne denne enkle skissa:


Men so slo det meg der eg sat med Gossip Girl i bakgrunnen: Denne skissa etterapar berre kofta eg har som utgangspunkt. Kan ein kalle det redesign når alt ein gjer er å endre storleiken på produktet? Nei, det vart for drøyt. Skissa vart forkasta og eg kom opp med ein ny idè - pinleg nok det eg fyrst hadde tenkt å gjere:


Og so, so sette eg i gong. Eg gjenerobra sybordet mitt frå katten og denne gongen let eg strikk vere strikk og tok saksa i eigne hender. Eg plaga ein arbeidssliten sambuar med symaskindur og gav blaffen i at katten forsøkte å sove på reolen. Litt etter litt gjekk kofta frå å vere eit heildekkande plagg til å berre beskytte rompa. Diverre er kroppen min for augeblinken prega av nokre skikkeleg kjærleikshandtak slik at skjørtet ikkje yt meg rettferd i skrivande stund. Men berre vent!

Einaste grunnen til at eg enno ikkje kan presentere resultatet er at eg sydde ein saum feil og var for lei til å ta den opp. Men eg satsar på ein ny dag i morgon og då: Då skal den siste spikaren i kista for kofta!




#sjølvsydd #redesign #kofte #skjørt #skisse


Klar for redesign!


Åh, som kreativiteten verkar inni meg! No har eg kasta meg på den store bølgja redesign. So får vi no sjå kva nål og tråd kan føre med seg. Det stakkars plagget som skal til pers er ei korterma kofte av merket Your Sixth Sense og er i storleik XXL. Eg er ikkje spesielt kjent med merket, noko som kanskje har si naturlege forklaring: Kofta er donert.

Her er ho:


Det er eigentleg litt skummelt å poste eit slikt innlegg: Tenk om eg ikkje klarer å redesigne noko bra!??

 

#sjølvsydd #redesign #kofte #yoursixthsense


Sjølvsydd // Mønstra skjørt

No er det jommen meg det lenge sidan eg har gjort noko som har involvert nål, tråd og ei symaskin eller to. Men so er det no slik at ting ein styrer med før jul, ikkje naudsynleg er noko ein flaggar på det digitale papiret heilt med det fyrste. No skal eg ikkje overdrive min eigen skaparinnsats, eg har sydd eit skjørt og det er det, men til gjengjeld er eg so nøgd med skjørtet at eg nesten ikkje er tilsnakkande. Og det artigaste? Skjørtet er sydd heilt utan mønster! (Men med gode råd frå ho mor.)

Det var under ei shoppingrunde at eg og Wenche kom over eit skjørt vi båe likte. Men det var avgrensa kva storleikar som var att og sidan eg har noko meir kjøt på beina enn Wenche, gjekk eg sigrande ut av den duellen. Kor greitt er det ikkje då at ein har eit liknande stoff liggjande heime? Og slik vart jula: Wenche fekk seg eit mønstra skjørt og eg fekk klappe meg på skuldra og skryte openlyst.

Wenche:

Då gjenstår det berre ein ting: Gå ned i vekt slik at eg kan få låne skjørtet til Wenche.

 

 

#sjølvsydd #diy #skjørt #mønster #wenche #julegåve

 

 


Sjølvsydd // Flaggermus på arbeid

Eg klarte ikkje dy meg: Eg måtte snike inn litt Halloween sjølv om eg korkje skulle feire eller kom til å sjå andre feire. Kvifor ikkje servere blodige fingrar i sjølvsydd flaggermuskjole??






#sjølvsydd #diy #kjole #flaggermus #halloween #blodigefingrar


Forvist sydukke

Sydukka mi, Selma, har stått på stova ei god stund no. Vi har liksom ikkje visst kor vi skulle gjere av henne. Det er komplett umogeleg for meg å klippe ut mønster so lenge katten er i nærleiken slik at det har vore lite sying i det siste. Men no som huset både er støvsugd og vaska, er det store håp om eit par timar på gonggolvet. Banana får heller halde seg på sofaen den stunda. Men Selma står likevel i vegen i stova. No hamna ho på gongen, men eg passa på å kle henne etter tilhøva.

So får vi no heller sjå korleis husvertinna reagerer ein mørk kveld ho skal inn og hente morgondagens middag i frysaren...



#sydukke


Sjølvsydd // Baderomsgardin

Etter at den nye syassistenten kabba på sofaen, såg eg mitt snitt i å få klipt til stoffet som skulle verte den nye gardina på baderommet vårt. Det varte derimot ikkje lenge før fire potar gjorde det dei kunne for å unngå at det endelege resultatet fekk rette liner. Ho gav seg tlslutt sjølv om saksa var noko freistande å forfylgje. Men gardin vart det! Det er kanskje ikkje den mest imponerande gardina eg har sedd, men den duger til det den er meint til: Passe på at berre spegelen ser meg naken.

FØR:

ETTER:

SYASSISTENTEN:



#sjølvsydd #diy #syprosjekt #syassistent #bananakatt #katt


Syassistenten, del II

Eg har ein elendig syassistent, og har no måtta skrinleggje heile planen om å sy gardin til baderomsvindauget. Kvar gong eg legg stoffet ut for å måle og fylgjeleg klippe det til, er syassistenten på plass. Det vert ikkje noka ny gardin før Banana har sovna og det verkar ikkje som at det skjer med det fyrste. Vi får leve med den provisoriske handkleløysinga enn so lenge.

#syprosjekt #gardin #syassistent #bananakatt #katt


Syassistent


Det er so kjekt å vite at den nye syassisten tek arbeidet på alvor og vaktar symaskina etter beste evne når eg sjølv ikkje kan gjere det. Reint sedd vekk ifrå at symaskintrekket er noko smakt på og at det kjem til å verte ei salig røre når maskina fyrst skal setjast i gong for fyrste gong i katten si historie, ser eg i grunn fram til helg og nokre etterlengta augeblinkar med sytråd og nye mønster. Vi får tru at både symaskina og Banana kjem heldig ut av dette møtet. Elles kan eg sjølvsagt ikkje tenkje at det finst ein finare og mjukare syassistent enn det eg har no. Prrr...

 

#syassistent #sy #symaskin #katt #banana #bananakatt


Deilig snadder frå Stoff & Stil

Oh yes, no har eg endeleg fått oppgradert stofflageret mitt og går fylgjeleg hausten i møte med nål og tråd. Nye mønster er på plass og eg klør i fingrane etter å pryde kroppen med lekre kreasjonar. Fyrst burde eg vel kanskje gjere ferdig den toppen eg tok til på fyrste veka i august, men sommaren er over no. Toppen klarer å vente til over jul. Kremt...

#stoff #stoffogstil #haust #nålogtråd


DIY - Lett og ledig kjole

Denne vesle rakkaren var eit lite mareritt å sy. Mønstera lova at det var enkelt som fy, noko eg kan tildels vere med på. Hadde det ikkje vore for at det viste seg å vere umogeleg å snu overdelen over på retta, hadde eg vore ferdig med kjolen same dagen som eg sette i gong. Desperasjonen kan lesast HER. Litt sjokolade, nokre brownie cookies og litt søvn seinare, var problemet fiksa: Eg tok opp skuldersaumen og sydde den ihop att. Easy peasy og mykje banning ved symaskina. Den primadonnaen altso!

Men eg tykkjer resultatet vart retteleg so bra om enn noko uklart. Berre nokre kg ned no so slepp eg å trykkje inn alderstillegga på bileta.

Mønster og stoff er frå Stoff & Stil og det finn du HER og HER.

 

#diy #syprosjekt #kjole #blå #stoffogstil

 

 


Skuldersaumen frå Helvete

Eg er i ferd med å miste vettet. Dagen starta so bra med eit etterlengta stevnemøte mellom meg og symaskina som har stått i ro i nesten ein heil månad. Vi skulle skape noko stort saman: Ein blå kjole.

Men no er eg i ferd med å røske håret av meg og rive symaskina ifrå kvarandre. Overdelen er nesten ferdigsydd, men det er eit liiiiite problem som gjer at eg ikkje får sydd sidesaumen og i det heile få sydd ferdig kjolen: Eg får ikkje vrengt delen!! Fordi overdelen består av to lag, må eg vrenge delen gjennom eine skuldersaumen. Men uansett kva eg gjer, endar eg på vranga.

Eg... treng... hjelp... No!

#syprosjekt #skuldersaum #trenghjelp


Gjenbruk..?



Eller kanskje ikkje...

 

#oppklipt #bukse


DIY - Gul maxikjole

Oi, oi, oi, endeleg var den store dagen her og eg kunne spankulere rundt i kyrkja og i festlokalet i ein eigensydd kjole. Det var ikkje noko anna råd enn å sy skulle eg ha ein gul kjole. Eg er uglenøgd med reslutatet og superstolt. Mønstera eg har brukt er frå Stoff & Stil og eg har teke meg nokre fridomar.

Det er ikkje lov til å telje valkar!



Mønster finn du HER og stoff HER

I tillegg har eg sydd på ein del strass, brukt glidelås og hekter bak og sydd på gule band og strassband bak.

 

 

#diy #syprosjekt #gul #gulkjole #bryllaup #stoffogstil

 


So typisk!

Det meste har ikkje akkurat gått etter planen når det kjem til syinga av den gule kjolen. Eg la til tilsaman to cm på overdelen for å få plass til både rygg og brystparti. Det viste seg at eg ikkje hadde so store puppar likevel og måtte rekke opp ein del for å kvitte meg med ein simpel liten cm. For å forsikre meg om at eg ikkje skulle verte for tidleg ferdig, sydde eg ihop feil delar fleire gonger.

Men no er eg byrja å nærme meg eittkvart. No er det berre å sy på ynskt mengde strass og leggje han opp. Ja, og so var det glidelås då. Eg hadde kjøpt ein nydeleg gul glidelås som eg absolutt hadde store planar for. På ein eller annan finurleg måte, er glidelåsen fordufta. Noko seier meg at den aldri vart med meg heim frå butikken sjølv om eg veit eg betalet for han. Det er so typisk! Og eg som klaga over at eg ikkje hadde skikkeleg knekk-inn-undertøy! Kva skal eg med det når rompa likevel er bar?



#sy #glidelås


Det verste med å sy...

... er heilt klart å klippe ut mønster. Sidan eg likar oversikt, er golvet ein ynda stad for nett denne aktiviteten. Problemet er at det tek litt tid å leggje mønstera rett på stoffet. Ein må ta omsyn til trådretninga og få det til å stemme med markeringane mønsterprodusentane heldigvis har laga til. Om ein ikkje gjer nett dette, kan ein ende opp med eit plagg kor sømmen snur seg i retningar ein ikkje vil. Og so er det å sikre at mønstera ikkje stikk av med eit tonn knappenåler før ein endeleg kan ta saksa fatt. Ein kjenner det kanskje allereie litt i ryggen? Berre synd det er hundreogørten mønsterbitar att som skal klippast då.

Jumpsuiten du finn her, brukte eg heile tre timar på å klippe ut mønster på. Denne bestod av sju bitar. Den gule kjolen eg no driv og syslar med, består av heile 28 bitar! Og eg er ikkje halvvegs eingong. Nei, eg trur eg ikkje får starta med å sy i morgon heller...



#diy #syprosjekt #sy #mønster

 


DIY - Jumpsuit / Buksedress


Eg trur ikkje eg kunne ha vore meir nøgd med denne buksedressen enn det eg allereie er. Denne vert nok deilig i sommarvarmen. Oh yeah! Sidan det berre var eg som var heime og tulla denne ettermiddagen kor buksdressen tok sitt aller fyrste steg, var det den gode, gamle ta-bilete-av-seg-sjølv-i-spegelen-teknikken som måtte til pers. Nei, eg kunne ikkje vente!!

Den vart veldig utringa og eg valde difor å ha ein blå sports-BH på under. I framtida trur eg at eg skal satse på ein kvit eller sandfarga bandeau.

Mønstera finn du her og stoffet her. Båe er frå Stoff og Stil. Eg var so keisam at eg valde det same stoffet som modellen i Stoff og Stil si vårkatalog hadde. Men det var so nydeleg!

 

#diy #sy #syprosjekt #buksedress #jumpsuit #stoffogstil


Nytt syprosjekt: Prikkete jumpsuit

Sidan eg ikkje kan byrje på den gule kjolen heilt enno grunna magefeitt, har eg bestemt meg for å sy meg ein jumpsuit. Eller ei buksedrakt om du vil. Denne har strikk i livet. Puh!

#diy #syprosjekt #buksedrakt #jumpsuit #magefeitt


Syprosjekt: Gul kjole til bryllaup


Kva er det eg gjer?? Eg klarer jo ikkje å sy ei t-skjorte utan gode råd frå ho mor eingong! Og no trur eg altso at det er ein god idé å sy ein kjole til eit særs viktig bryllaup: Bestevenninna skal verte konemor.

Det fine er at det ikkje er fare for å ta merksemda vekk frå brura. Ikkje det at akkurat dette har bekymra meg so mykje. Ho er jo so nydeleg at når brurekjolen kjem på, er det knockout på alle oss andre. Det litt dumme er at eg er forlovar og soleis litt synleg. Det hadde jo vore trist om alle skulle hugse denne spesielle hendinga som den dagen då Siri kledde seg som ei kråke. Eller ein påskekylling sidan stoffet trass alt er gult.

Men ein sjanse må ein ta og om eg bytar ut sjokoladen med gulrøter og lærer meg å jogge på måndag kan eg faktisk kome inni kjolen eg skal sy. Om ikkje, kan eg alltids satse på denne rosa kreasjonen bestemora mi ein gong gjekk i.

 

#diy #sy #syprosjekt #bryllaup #forlovar #bestevenninna #panikk


DIY - Grisen ligg og slangar seg på sofaen

Eg har ei tante som er særs fasinert av minigrisar. Ein heilt ekte gris kan eg ikkje gje henne, men ein ekte sofagris ordnar eg lett.







 

#diy #syprosjekt #sy #pute #gris #minigris


DIY - Fishy t-skjorte

Av ein eller annan merkeleg grunn tenkjer eg aldri på å kjøpe stoff i nøytrale fargar og mønster. Nei, eg berre durar på med det raraste mønsteret etter det andre. Det fungerer eigentleg heilt fint, men det er no vittarleg grenser for kor mange t-skjorter ein treng med tvilsame skapnader på.

Men lat oss leve litt i nuet:





Om du har lyst til å lage same toppen, finn du mønstera HER (Stoff & Stil). Eg har endra litt på lengda for å få ein lenger modell og på erma for å få kortare erme. Eg har òg tukla litt med utringinga. Noko må ein jo få tukle med.

 

#diy #sy #syprosjekt #fisk #mønster #stoffogstil #tskjorte #singerjubileum


Something fishy going on

Ute har vinteren på nytt vakna til liv og det freistar lite å springe på fjellet. Nei, då er det mykje kjekkare å setje seg ned med ei saks og sjå kva ein kan få til med henne. Hmm...

#diy # syprosjekt #fisk #blåfisk


Er buksa for lang og du manglar gaffateip?

Vi treng ikkje fokusere på kva storleik denne buksa er i. Eg har i det siste so smått akseptert at skal julefeittet for sju år sidan bort, må ein kjøpe treningsklede som passar no. Før var det slik at det verka som at tekstilbransjen tenkte at når kvinna måtte opp ein storleik, so hadde ho nok megalange bein òg. Eg har lange bein, men i ikkje i nærleiken av kva sjiraffar har. Men so kom vendepunktet: Kvinner med litt ekstra på hofta, trong ikkje naudsynleg sjå verda frå toppen av eit tre. Kanskje ho måtte strekkje seg litt for å nå opp? Difor er favorittbrøkene altfor korte. Eg likar å dekkje leggane mine. So gjekk det nokre månader og det kan verke som at bransjen har teke på seg retrohatten og laga buksebein til langbeinarar og andre anatomisk ukorrekte skapnader.

Eg kjøpte meg ei friluftsbrok fordi eg innbiller meg at no skal eg springe på fjellet frå morgon til kveld og kanskje eit par meter på asfalt dei dagane fjellet rett og slett ikkje lokkar (les: Vår Herre har opna slusene og eit forsøk på å kome seg opp på næraste nut, fort kan premierast med drukningsdøden.) Som tidlegare nemnd, storleik er eit ikkje-tema (som eg til stadigheit gjer til eit tema ved å konstant putte det inn i teksten), men lat oss berre seie det som det er: Skogstad meiner eg har lange bein. Og ikkje berre det! Skogstad meiner eg har supertjukke okler. Då eg festa den inste trykknappen, låg framleis buksa ned på bakken. Eg er ei kløne som har nok med å passe på kor eg set føtene og treng ikkje å måtte konsentrere meg på å ikkje trakke på buksa i tillegg. Eg er heller ikkje interessert i å få halve fjellet med meg ned att. Svaret kunne sjølvsagt ha vore å leggje opp broka, men med trykknappar og ikkje minst lange glidelåser, var dette verkeleg ikkje noko som freista litt eingong. Og sidan gaffateip var so himla upraktisk, var det eigentleg berre ein ting eg kunne gjere:

Sy på ein borrelås eller to. Problemet løyst!

 

Kvit borrelås fungerer fint på blått.

Ferdig! No kan eg berre vente på at kjenslene skal kome att til dei såre nålehaldande fingrane mine.



No skal oklane mine halde seg flåttfrie! Eller i det minste utan arr frå alt eg går på.



Nydelege klare bilete av broka.

 

#diy #slanke2014 #friluftsbukse #skogstad #langebein #småfeit


Barbie på fest

Hugsar du det rosa stoffet eg dreiv på og sydde på for nokre veker sidan? Vel, no er det både ferdigsydd og ferdigbrukt. Det var eeeeeeeein


Barbiekjole!

Eg skulle nemleg på ein fest kor temaet var barndomsheltar og sidan kjeldene mine på innsida kunne avsløre både den eine og den andre av mine originalplanar, vart det altso barbie. No er det ikkje alle butikkar som sel barbiekjolar til vaksne jenter, so då vart løysinga å sy sjølv. Av ei gardin... Litt hjelp fekk eg og tykkjer ikkje resultatet vart so hakkande gale. Med barbie påskriven på kjolen, rosa lepper og langt blondt hår er det eigentleg litt merkeleg at ingen forstod kven eg var...

 

#diy #barbie #temafest #barndomsheltar #syprosjekt #rosa


DIY - Eksotisk pusekatt

And the sewing must go on! Denne gongen vart det eit skjørt i grått og kvitt gepardmønster som eg lenge mistenkte kom til å verte for lite. Men neida, skjørtet gjekk på med god margin og eg kan med glede informere om at eg er den eksotiske pusekatten eg visste eg var. Og denne gongen er eg uglenøgd med resultatet! Sjå vekk frå trynet: Vi kan ikkje alltid prestere... Kremt...







#diy #eksotiskpusekatt #skjørt #sying #syprosjekt #glidelås


DIY - Skjørt i mønstra stretch

No er eg bra vill! So vill at eg trong hjelp til det meste. Min vesle siger med sommartoppen fekk seg eit tilbakefall då eg ikkje skjønte bæret av mønsteroppskrifta til eit heilt enkelt skjørt. Stoff & Stil får meg til å kjenne meg lettare tilbakeståande. Men med litt hjelp vart det no eit resultat denne gongen òg. Kan eg nokon gong flytte heimanfrå??








#diy #reload #skjørt #stoffogstil

 


Reload


For ein sløv dag! Det einaste eg har gjort i dag er vel i grunn å fikse på eit plagg eg ikkje heilt kan avsløre kva er heilt enno, klippe ut mønster til noko nytt og spennande som viste seg å vere noko skeivt og elles trykke i meg sjokolade. Masse sjokolade! Jepp, eg har altso klart å finne plass blant dei daglege 1300 kcal til nokre deilige sjokoladekaloriar. Eg ser no at eg har eit særs velbalansert kosthald. Nuvel. Ein må leve litt i kvardagen.

Men i morgon den dag skal eg kose meg foran symaskina og sjå om eg ikkje klarer å få til noko brukbart med dette grå stretchstoffet som ganske so tydeleg oppmodar til å gjere ting på nytt. So får eg gjere nett det då: Sy endå eit skjørt utifrå ei heilt meiningslaus mønster. Same old, same old.

 

#diy #reload #syprosjekt #sjokolade


DIY - Vid og deilig sommartopp

Oh yeah! I ein alder av 30 har eg altso klart å sy mitt fyrste plagg etter mønster heilt utan hjelp. Eg trudde eg var god til å fylgje punkt for punkt - eg har no klart å lage både kaker og kvit saus utifrå matoppskrifter som både har smakt bra og ikkje ført til ein valdeleg død, men det var før eg støytte på mønsteroppskriftene til Stoff & Stil. Eg har difor kome fram til at eg på mine eldre dagar fungerer best når eg ser med eigne auge kva som er meint med den gresken mønsteroppskriftforfattarane har nytta. Nuvel. Men denne gongen klarte eg det! Og heldigvis er bileta sopass uklare at det ikkje er mogeleg for nokon å studere sømmen... Puh!



#DIY #syprosjekt #sy #singer #symaskin #stoffogstil #fersken #vidtopp #sommar



Peachy dream

Planen i dag var å ta seg ein aldri so liten tur på senteret, men dagsordenen endra seg fort då eg såg ut vindauget. Litt regn har aldri skada, men biletet av ein drukna katt fekk regnbogehinnene til å få bakoversveis. Nei, då var det betre å dra fram ei mønster og strekke litt stoff utover stovegolvet medan ein ønska ein trekkfugl eller to attende til landet. So gjenstår det berre å sjå om eg faktisk klarer å sy dette plagget utan ekspertråd. Vi kan alltids håpe; Det er viktig å ha trua på ein ferskenstenka draum.

#diy #syprosjekt #fersken #draum


Ugleskjørt

Oh yeah, uglene er endeleg på plass. I går tok eg meg saman og fekk fôret på plass og i dag fekk eg altso kose meg med alt pirket. Skjørtet vart ugletekkeleg, men ein må vel ikkje alltid vise knea. Eller kan ein det? Eg er uansett ganske nøgd og ugleglad for at eg gjekk ned to kg i veka som var: Skjørtet sit nemleg som spikra!

Tja, kan no sjå eitt kne då om ikkje anna... Kvifor trynet måtte sensurerast er so enkelt som at eg ikkje ville skremme lesarane. Lat oss kalle det ein bad face day. Eg lovar elles å alltid gå med kvit BH til dette skjørtet. Og potensielt hatt om trynet ikkje skjerpar seg.


Skjørtet bakfrå og frå sida av. Legg merke til strutterompa: Endeleg!


Mat må ein ha. Det tek på å sy.

#diy #sy #syprosjekt #skjørt #ugle #pære

 


Attende til kvardagen

Det har vore stille på syfronten i det siste, men no er eg back in business! Etter reiser, besøk og ymse er det godt å setje seg til ro bak ei symaskin med tendensar til divanykker. Vi får no sjå kven som vinn kampen om sytråden til slutt. Diverre måtte uglene leggjast litt på vent då eit nytt stoff kravde si merksemd. Av og til må det prioriterast og då må fugl vike for rosa draumar: Eit superhemmeleg prosjekt eg skal avsløre om ikkje so altfor lenge.


#ugle #rosa #singer #symaskin #diy


Noko er i gjære...

...og det er uglebra!



#diy #ugle #symaskin #singer


DIY - T-skjorte med kyr

Nei, det er på tide at eg får fingeren ut og byrjar å skape! Denne setninga har eg sagt ofte til meg sjølv det siste året. Det endar alltid med at eg finn meg ei sjokoladeplate og set på fjernsynet. Feittet har auka og eg har i grunn ikkje hatt noko å kle dette nyvunne landet med. Men no er ei ny tid koma: 2014, og det er på tide å ta seg litt i øyrene. Eg har god tid, særs god tid, til å dyrke hobbyar og mykje materiale til å skape det eg vil. Det finst inga unnskyldning til ikkje å ta steget og faktisk gjere det ein har lyst til.

Smykkesakene har kome ut av eskene og symaskina er komen på bordet. I present to you: Mi fyrste t-skjorte!


T-skjorta kom ikkje av seg sjølv. Det låg litt arbeid bak. Eg er nesten litt sjokkert over kor mykje arbeid som ligg bak noko so enkelt som ei t-skjorte. Og òg kor dum eg er som ikkje naudsynleg forstår oppskrifta.






#diy #tskjorte #sy #singer #symaskin #kyr #kreativ #2014


DIY - Kyr skal fødast på nytt

Desse nydelege kyrne skal snart få eit nytt liv. Eg må berre stikke dei litt fyrst...



#DIY #kyr


Søk i bloggen



Bla i bloggen


 



Gratisdesign av




Follow on Bloglovin
hits